OVERSIKT NYHETER SPORT MUSIKK UNDERHOLDNING FILM LITTERATUR MAT BARN UPUNKT
NRK Portretter

Her er du: NRK > Nyheter > Bakgrunn > Portretter

Oppdatert 22.10.2004 13:48

NYHETER
Innenriks
Utenriks
Økonomi
Kultur

Sport
Distrikt

Bakgrunn
Magasinet

Siste 48 timer
Sendinger

Trafikk
Vær
 
 

Schweitzer, Albert (1875-1965)

Publisert 30.07.2001 09:58

Han drap mygg i Afrika – der var dei farlege, men ikkje i Europa. Albert Schweitzer tok si ærefrykt for livet bokstaveleg. Dyr var velkomne ved hospitalet i Lambarene.

Han vart tidleg opptatt av lidinga i verda. Som barn såg han i byen Kolmar ein skulptur av ein svart mann som vrei seg i smerte. Synet sette seg fast.

Albert Schweitzer voks opp i Günsbach i Elsass, der faren var prest. Han hadde ein god oppvekst og ungdom på prestegarden, og har fortalt at det gjekk sterkt inn på han når han fekk kjennskap til dei triste familieforholda til enkelte klassekameratar.

Skaut på fuglar

Eige lykke vart samstundes ei uro: Stadig melde spørsmålet seg om kva han hadde gjort som gjorde han fortent til eit godt liv. Spørsmåla og opplevingane knytta til på den eine sida gode, på den andre sida elendige liv, vart sentrale.

Ei hending sju-årsalderen brende seg inn: Det var om våren, i pasjonstida. En søndag morgon vart han med ein kamerat for å skyte fugl med sprettert. Han syntes eigenleg det var frykteleg å skyte fuglane, men han våga ikkje ta til motmæle.

Da hende det: akkurat i det han la stein i spretterten og spende han, tok kyrkjeklokkene til å kime, og tonane blanda seg med fuglesangen. For vesle Albert vart det som ei stemme frå himmelen. Han kasta spretterten, skremde fuglane vekk og sprang heim.

Jakt som sport er forkasteleg

Alt i studietida - han studerte teologi og filosofi – deltok han i ei studentforening som samla inn pengar og gav hjelp til fattige familier.

Da han var 21 år, tok han ei drastisk avgjerd: Til han fylte tretti ville han leva for presteteneste, vitskap og kunst. Etter det ville han gå inn i aktivt hjelpearbeid.

Schweitzer gjorde det godt på universitetet, han tok den filosofiske doktorgraden på ei avhandling om Kants religionsfilosofi, og utdanna seg dessutan til prest.

I ei preike i 1919 tek han avstand frå å drepa dyr som sport:

”La jakten være et nødvendig håndverk, som slakterens, bare at det utøves med bøsse istedenfor med øks og kniv. Men la den ikke være en fornøyelse. At den så lenge er blitt drevet for underholdningens skyld, og endog som oppdragelse til mandighet, vil en gang bli sett på som en viktig kjensgjerning i åndlivets historie. Den mandighet som viser seg i tankeløs glede over å drepe og pine, er ikke den rette.”

Jesus og Bach

Schweitzer skreiv om teologiske tema, og vekte oppsikt, ikkje minst med ei bok om forskinga omkring Jesu liv. I religionen var kjærleiken og etikken var det viktigaste for han.
Han skreiv også ein banebrytande monografi om Bach, og som kunstnar vart han ein dyktig organist.

Tretti år gamal startar den vellykka teologen, filosofen og kunstnaren på ein ny livsveg. Han tek til å studere medisin, og som ferdig lege dreg han i 1913 til Afrikas jungel – Gabon i Vest-Afrika, og opprettar eit hospital.

Da første verdskrig braut ut i 1914, måtte han oppgje hjelpearbeidet inntil vidare. Men krigen gjorde også at han klarare enn før såg behovet for ein filosofi som kunne bidra til fred og betre tilhøve på jorda. Nokre år etter krigen lanserte han filosofien sin om ærefrykt for livet.

Schweitzer var sterkt opptatt av fredssaka, og ikkje berre av den tragedien menneske blir utsette for under krig. Han sa at første verdskrig medførde liding og død for millionar av uskuldige dyr.

Krav om handling

Ærefrykt for livet inneber respekt for alt liv. Og respekten gjeld ikkje berre det kroppslege livet, men også det åndelege. Det må også understrekast at den som har ærefrykt ikkje er passiv, men prøver å gjera ein innsats. Ærefrykt for livet er i høg grad ein handlingsetikk. Schweitzer oppfatta hospitalet i Lambarene som eit symbol for læra si.

Ein skal elles merke seg at denne etikken inneheld eit livssyn der menneskelivet går inn i ein større einskap, som også omfattar dyr og planter – alt liv i universet. Den fullkomne ærefrykt for livet er å oppleva ei mystisk sameining med alt levande.

Han meiner at det enkelte menneske kan oppnå ærefrykt for livet ved å iaktta liv, ved å tenkje over kva det er, ved å hjelpe.

Nobels fredspris

Schweitzer drog attende til Lambarene i 1924, og vart der til han døydde i 1965, berre avbrote av enkelte reiser til Europa for å halde foredrag og gje orgelkonsertar til inntekt for hospitalet. Hospitalet i Lambarene er framleis i drift, interesserte blant anna i Tyskland, Sveits og USA fører arbeidet hans vidare saman med staten Gabon.


Schweitzer fekk Nobels fredspris i 1952, men kom først i 1954 til Oslo, da var tusenvis av menneske møtt fram på Rådhusplassen for å hylle han.

På slutten av femtitallet heldt han radioappellar om atomfaren. Kringkastingssjef Kaare Fostervoll var meir enn villig til å sende eit foredrag som Schweitzer formidla gjennom Nobelkomiteen.
Det var kontroversielt stoff i den kalde krigens tid, og det kom mange innlegg for og mot Schweitzers syn. Enkelte prøvde å svekke argumenta hans mot prøvesprengingar ved å hevde at han var inspirert av kommunismen.

Også dyrehospital

Hospitalet i Lambarene var blitt ein dyreheim i miniatyr. Europearar i området som reiste heim på ferie overlet hundane til Schweitzer. Og gabonarane visste at dei kunne bringe foreldrelause jungeldyr til han og få ei belønning for det.

Sjuke dyr vart godt mottatt og fekk pleie. Etter at sjukehuset var godt utbygd, var det på eit tidspunkt i tillegg til 620 liggeplassar for menneske, også 20 innhegningar for sjuke hundar, sauer, geiter, antiloper, menneskeaper og pelikanar.

I Lambarene var det sjølvsagt at kvar sjukesøster og kvar lege, samt snekkaren og bokhaldaren alle skulle stelle minst eitt husdyr.

Ærefrykt for livet inneber at ein skal hjelpe alt liv. Men i enkelte tilfelle må ein ta liv dersom ein vil fremje eller redde andre liv. Kva liv skal ein da velja?
Samme hva avgjerd ein tek, vil den bli uetisk. Når det gjaldt forsøk med dyr, var han sterkt kritisk – sjølv om han var lege.

Filosofisk antilope og sint kalkun

I Lambarene gjekk ei antilope fritt omkring i hans private rom. Ein gang år ho opp eit par sider med filosofisk stoff. Schweitzer sa at det var ufordøyelege saker ho hadde fått i seg, og vona ho ikkje fekk vondt i magen.

I tida rundt tildelinga av Nobelprisen, hadde han hunden Tschü-Tschü. Han rasa gjerne rundt etter alle slags krypdyr. Schweitzer åtvara han:

”Etter at vi har fått fredsprisen må du slutte med det. Nå må du være en Nobel-hund. Ellers vil de ta fra oss prisen, men vi trenger pengene for de spedalske. Altså – behersk deg!”

Alle dyra ved hospitalet var tillitsfulle, bortsett frå ein sint kalkun-hane, som vakta over plassen. Alle hadde problem med kalkunen. Men Schweitzer heldt si hand over hanen:

”Unnskyld, den er bare slik, og den har lenge vært meg kjær, for den har noe til felles med meg: også han mener at han er sjef for hele hospitalet.”

Av Kåre Knutsen
Redigert for nett av Astrid Brekken
Sånn er livet, NRK P2, 31. juli 2001


LENKER
  • Albert Schweitzer Nobelinstituttets biografi


  •  
     
    SØK

    boks_topp_transparent.gif
    PORTRETTER
    boks_bunn_transparent.gif
    10 SISTE NYHETER

    Copyright NRK © 2001   -  Telefon: 815 65 900  -   E-post: info@nrk.no   -   03.01.2009 06:54