OVERSIKT NYHETER SPORT MUSIKK UNDERHOLDNING FILM LITTERATUR MAT BARN UPUNKT
NRK Portretter

Her er du: NRK > Nyheter > Bakgrunn > Portretter

Oppdatert 22.10.2004 13:48

NYHETER
Innenriks
Utenriks
Økonomi
Kultur

Sport
Distrikt

Bakgrunn
Magasinet

Siste 48 timer
Sendinger

Trafikk
Vær
 
 

Gandhi, Mahatma (1869-1948)

Publisert 03.07.2001 13:22 - Oppdatert 05.07.2001 14:15

For den store indiske leiaren var alt liv heilagt, og sjølv da sonen hans vart alvorleg sjuk og legen meinte han burde få hønsebuljong, rikka ikkje Gandhi seg med omsyn til å eta dyr.

Gandhi var vegetarianar frå han var barn, fordi det var eit kosthald i samsvar med foreldras religion og innstilling.
Men som gutunge hadde Gandhi ein muslimsk venn, og han åt kjøt. Vennen visste at Gandhi var litt skvetten og redd, og skrytte av at han sjølv kunne halde ein levande slange i handa, at han ikkje var redd tjuvar og ikkje trudde på spøkje. Og grunnen til alt dette var sjølvsagt at han åt kjøt.
Resultatet vart at Gandhi i løynd åt geitkjøt saman med vennen. Etterpå hadde han ei uroleg natt, kvar gong han sovna, høyrde han ei levande geit mekre inne i seg, og han for opp, full av dårleg samvet.

Ikkje røre kvinner,vin og kjøt

Han åt likevel kjøt fleire gonger etterpå, og laug om det for foreldra. Men han visste det var gale, og bestemde seg så for at han ikkje skulle eta kjøt så lenge dei levde.

Mahatma Gandhi vart fødd på den indiske vestkysten – i Porbandar – i 1869. Familien hadde god råd, og da han var omkring tjue år fekk han reise til England for å utdanne seg til advokat.

Mora likte ikkje å skiljast frå sonen, og ho var redd han skulle falle for freistnader i det framande landet. Men ho gav han lov til å reise etter at han hadde lova ikkje å røre kvinner, vin og kjøt. Dette var likevel ikkje nok for leiaren av den kasta Gandhi tilhøyrde: ”Denne unge mannen skal frå i dag stå utanfor kasta!” forkynte han. Men Gandhi reiste likevel.

Angst i forsamlingar

I England vart han overtydd vegetarianar. Avgjerande var at han las boka "Forsvar for vegetarianismen" av Henry Salt.

I England avgrensa han seg ikkje til juss-pensumet, men las også om religion. Dessutan henta han viktige impulsar frå folk han vart kjend med, ikkje minst medlemar av den engelske vegetarrørsla. Fleire av dei hadde interesser som famna langt vidare enn spisekartet.

Men førebels var det få teikn til at den unge studenten skulle bli ein stor leiar for det indiske folket. Han var blant anna redd for å tala i forsamlingar. På eit møte til fremje av vegetarkost måtte han gje frå seg manuskriptet han hadde skrive slik at ein annan, han makta ikkje framføre det.

Og da han kom tilbake til India og skulle føre den første saka si for domstolen, gjekk det like ille: Han skulle kryssforhøyre eit vitne, men mista fatninga og måtte overlate saka til ein annen.

Sonen dødssjuk

Men styrken i Gandhis overtyding om vegetarkosten var det ingenting i vegen med:

”Dersom noen sa at jeg skulle dø dersom jeg ikke tok til meg buljong eller fårekjøtt, ville jeg, selv om det var et medisinsk råd, foretrekke døden.”

Overtydinga hans vart sett på ei alvorleg prøve da den ti år gamle sonen hans fekk dysenteri og lungebetennelse. Legen meinte det ville vera bra for guten å få egg og hønsebuljong. Gandhi protesterte. Var det ikkje noko anna han heller kunne få?

Legen foreslo mjølk oppblanda med vatn - Gandhi godtok den gongen mjølk – men sa også at dette ville ikkje vera næringsrikt nok. Livet til guten var i fare, og Gandhi gjorde klokt i ikkje å vera så stri.

Dersom sonen hadde vore vaksne, ville han fått bestemme sjølv. Men Gandhi meinte at han måtte bestemme når guten berre var ti år, og at det finst ei grense for kva vi kan gjera for å oppretthalde livet. Visse ting får vi ikkje gjera, sjølv om det gjeld livet.
Heldigvis vart guten frisk.

Protest utan vald

Kva som eigenleg budde i den beskjedne juristen kom for alvor til uttrykk da han fekk i oppdrag å reise til Sør-Afrika og arbeide i eit firma der. Det var mange indarar i Sør-Afrika, og dei vart sterkt diskriminerte. Gandhi reagerte mot uretten, og organiserte indarane til motstand. Det var her han utvikla ideen om ikkje å bruke vald under protestaksjonar.

Gandhis ikkjevalds-prinsipp – som han kalla ahimsa – inneber ikkje berre at ein passivt let vera å utøve vald, men også at ein viser kjærleik.
Gandhi hadde tru på at ein ved fullkomen ahimsa kunne utrette store ting:

”Når en slik ahimsa blir altomfattende, omskaper den alt den kommer i berøring med. Det finnes ingen grenser for dens makt.”
Ahimsalæra blir kanskje klarare dersom vi ser henne i lys av at Gandhi trudde på sjelevandring og meinte at livet er heilagt. Gud er i menneske og i alt anna liv. Alt liv er ein einskap. Det vidtgåande ikkjevalds-kravet i ahimsa gjeld også dyr.
Gandhi oppfatta seg som ortodoks hindu, men han framheva at også andre religionar inneheld sanning.

Saltmarsjen

Under første verdskrig kom Gandhi attende til India, og tok etter kvart til med aksjonar mot det britiske koloniveldet. Han oppfordra tilhengjarane sine til å unngå valdsbruk. Særleg kjent er saltmarsjen han stod i spissen for i 1930.

Saman med mange andre marsjerte han mot havet, og der tok han opp litt salt frå havkanten. Dette var eit symbolsk brot på lover som blant anna forbaud indarane å lage salt. Hendinga vekte stor oppsikt, og mange indarar tok til å bryte saltlova.
Ein grunn til at Gandhi også slutta å drikke mjølk frå Indias kjære kyr var at han fekk veta at kyr i Calcutta vart stygt behandla: luft vart pressa inn i juret for å få ut mest mogleg mjølk.

Geit til London

Så vart Gandhi sjuk, og legen sa han burde drikke mjølk for å få tilbake kreftene. Men Gandhi fortalte om kyrne som vart plaga, og løftet han hadde gitt om ikkje å drikke mjølk.
Gandhis kone overhøyrde samtalen mellom pasient og lege, og sa: - Men da kan du ikkje ha noko å innvende mot geitmjølk?

Gandhi gjekk med på det, sjølv om han nok meinte det hadde vore betre å avstå heilt frå mjølk. Men han vart avhengig av geitmjølk. Da han fleire år seinare, i 1931, reiste til England for å representere Den indiske nasjonalkongressen ved ein rundebordskonferanse om tilhøvet mellom Storbritannia og India, hadde han ikkje berre med seg medarbeidarane sine, men også to geiter.

Hinduismens skamplett

Han tok avstand frå ofring av dyr i templa, og meinte det var å vanære Gud.
I den farlege konflikta mellom hinduar og muslimar i heimlandet mana han til gjensidig respekt. Gandhi var villig til å ofre livet gjennom faste for å skape forståelse mellom de to gruppene. Men han vart myrda av ein fanatisk hindu som var imot ei ikkjevalds- haldning i forhold til muslimane.

I sin eigen religion tok han avstand frå haldninga til dei såkalla ureine. Forbodet mot å røre ved visse menneske var det mest skjemmande ved hinduismen.

Han viste kva han meinte ved å ta opp medlemer av ureine kaster i ein arbeidskoloni han hadde oppretta for nokre av dei aktive tilhengjarane sine. Han brukte også eit vakkert namn på dei ureine: Harijan – som betyr Guds barn, og gav ut eit blad med det namnet.

For dødshjelp

Han omtalar ein kalv som låg og pintes, sjølv om han fekk all behandling og stell det var råd å gje. Dyrlegen kom og sa det var ikkje meir å gjera. Gandhi bad dyrlegen gje kalven ei giftsprøyte. Men at dette var ei alvorleg handling, går fram av ei samanlikning han gjer mellom dødshjelp til kalven og tilsvarande hjelp til menneske:

”Den samme loven gjelder i begge tilfellene. Loven ”som med en, slik med alle”, tillater ingen unntak – ellers var det mistak og voldsferd å drepe kalven.”

Han legg til at i praksis stansar vi ikkje lidinga til våre kjære ved dødshjelp, som regel finst noko som kan lindre, og dei har evne til å tenkje og avgjera sjølve.

”Men om det gjaldt en lidende venn, og jeg ikke var i stand til å gi ham noen hjelp, og det var umulig at han kunne stå det over, og den syke lå bevisstløs – da ville jeg ikke se noen voldsutøvelse i å gjøre slutt på hans lidelse.”

Avskydde forsøk med dyr

Medan Gandhi budde i Sør-Afrika var han inne på tanken om å studere medisin. Men da han vart fortalt at han måtte utføre forsøk på levande dyr – viviseksjon – kjende han djup motvilje. Han ville ikkje utføre mot dyr noko han ikke ville utføre mot seg selv.

Han var ikkje imot at vitskapen gjorde framsteg. Tvert om syntes han det var all grunn til å beundre den vitskaplege åndskrafta i vestlege land, men, det var eit men:

”Det som kan minske denne beundringen, er at Vestens vitenskapsmenn ikke tar noe omsyn til de av Guds skapninger som står lavere. Jeg avskyr viviseksjonen av hele min sjel. Jeg avskyr den utilgivelige slaktingen av uskyldig liv som går for seg i navnet til vitenskapen og den såkalte humaniteten, og alle de vitenskapelige oppdagelsene som er flekket med uskyldig blod. Dersom teorien om blodomløpet ikke lot seg oppdage uten viviseksjon, kunne menneskene godt greid seg uten den.”

Mahatma Gandhi var også ein praktikar: han ivra for bruk av spinnehjulet i forsøket på å kjempe mot arbeidsløyse og fattigdom, han arbeidde for forbetring av hygiene og sanitære forhold, og mot alkoholmisbruk. Sjølv levde han enkelt og asketisk.

Sunn fornuft i omgang med religion

Men fanatisk som han kan virke i enkelte samanhengar, innsåg han at ahimsa ikkje kan utøvast i alle livets situasjonar: det finst for eksempel giftige ormar. Han skriv at hinduismens hellige skrifter synest å hevde at den som virkeleg utøver ahimsa fullt ut har ein slik innverknad på alt rundt set at til og med giftige ormar skadar ein slik person. Det skal ha vore tilfelle for den heilage Frans av Assisi, skriv han.

Men så seint som nokre år før han døydde måtte Gandhi medgje at sjølv om han ynskte å kunne leike fryktlaust med ormar og skorpionar, hadde han ikkje realisert draumen. Og han hadde ikkje motsett seg at hjelpesmennene hans drap ormar.

Det finst også andre dyr som må bøte med livet:

”Dersom jeg ønsker å være jordbruker i jungelen, må jeg bruke det minimum av vold som er nødvendig for å beskytte markene. Jeg må drepe apekatter, fugler og insekter som spiser opp min avling. Å tillate at avlingen blir spist av dyr i ahimsas navn mens det er hungersnød i landet er virkelig en synd. Ondt og godt er relative betegnelser. Det som er godt under visse forhold kan bli et onde eller en synd under andre forhold.”

Mennesket må bruke skjønn for å finne ut kva som er ahimsa i einkvar situasjon. Gandhi meinte også at mennesket skal lesa dei heilage skriftene med sunn fornuft:

”Mennesket skal ikke drukne seg i hinduskriftenes brønn, man skal dykke i det store havet og ta opp perler.”

Av Kåre Knutsen
Tilrettelagt for nett av Astrid Brekken

Sånn er livet, NRK P2, kl. 10 05 og 22 05 3. juli 2001


 
 
SØK

boks_topp_transparent.gif
PORTRETTER
boks_bunn_transparent.gif
10 SISTE NYHETER

Copyright NRK © 2001   -  Telefon: 815 65 900  -   E-post: info@nrk.no   -   03.01.2009 05:29