OVERSIKT NYHETER SPORT MUSIKK UNDERHOLDNING FILM LITTERATUR MAT BARN UPUNKT
NRK Portretter

Her er du: NRK > Nyheter > Bakgrunn > Portretter

Oppdatert 22.10.2004 13:48

NYHETER
Innenriks
Utenriks
Økonomi
Kultur

Sport
Distrikt

Bakgrunn
Magasinet

Siste 48 timer
Sendinger

Trafikk
Vær
 
 

Gudinne på Venstre bredd:

Beauvoir, Simone de (1908-1986)

Publisert 08.06.2001 16:27 - Oppdatert 20.06.2003 14:40

- Det eneste en trenger for å la seg inspirere av ”Det annet kjønn” er et dypt og brennende ønske om frihet. Det er en tekst som forandrer liv.

- Og jeg snakker av erfaring, seier professor i litteratur, Toril Moi. Den siste boka til Moi, "Jeg er en kvinne. Det personlige og det filosofiske", kjem ut nå i juni, og hentar tilfang frå "Det annet kjønn", som Moi seier er "et fantastisk forsøk på å filosofere i en ny toneart".

Det annet kjønn er rangert som eitt av dei ti viktigaste verk i det 20. hundreåret, og Simone de Beauvoir som ei av dei som har hatt mest innverknad i det tusenåret vi har bak oss.

Kvinnen vingestekkes

- Og så beklager man seg over at hun ikke kan fly!

Simone de Beauvoir godtok ikkje samfunnets vingeklipping, og bestemde seg for å stige høgt.

Da ”Det annet kjønn” kom ut i 1949, skapte det røre. Boka stod lenge på Vatikanets indeks over forbodne bøker. Både den katolske kyrkja og mange borgarar tok avstand frå innhaldet og frå det frie, ukonvensjonelle livet Simone de Beauvoir levde.

Stor filosof

Toril Moi skriv i forordet til den fullstendige versjonen av ”Det annet kjønn” som kom i norsk omsetnad av Bente Christensen i 2000, at dette er det 20. hundreårets viktigaste feministiske tekst fordi ho gjev filosofisk djupn til kvinners daglegdagse erfaringar.

”Beauvoirs klarsynte forståelse av frihet, og hennes grunnleggende analyse av hvordan kvinner formes til å oppfatte seg selv om sekundære i forhold til menn, har inspirert kvinner over hele verden til å se sine egne erfaringer i nytt lys.”

Også romanforfattaren rager høgt

Nesten alle romanane hennar vart bestseljarar. På norsk finst blant andre ”Mandarinene” (1954) og ”Når masken faller”(1966).

Som forfattar av sjølvbiografiar finst ikkje hennar like i moderne fransk litteratur. ”En veloppdragen ung pikes erindringer” er den første, der Beauvoir skildrar livet sitt fram til 1929, da ho tok eksamen i filosofi, vart økonomisk sjølvstendig og møtte Sartre. Ho gjer opprør mot familien, og bestemmer seg for å bli forfattar og filosof. Det neste bindet – ”La force de l’âge” – blir nå omsett av Bente Christensen, og går fram til 1944.
Deretter følgde ”La force des choses” om tida fram til 1962.

Døden

Toril Moi synest at ”En lett og rolig død” (1964) er noko av det kunstnarleg beste Beauvoir har skrive. Det er ei opprivande skildring av forholdet mellom henne og mora, Francoise de Beauvoir. Den siste boka ho skreiv var ”La cérémonie des adieux” i 1981, som er om Sartres siste leveår og død:

”Hans død har skilt oss. Min død vil ikke forene oss. Slik er det. Det er likevel vakkert at våre liv var samstemte så lenge.”

Lys og mørke

Simone de Beauvoir sa om seg sjølv at ho hadde eit spesielt talent for lykke. Men det var ikkje heile sanninga. Ho hadde også mange tunge stunder. Og ho krinsa om døden – ho kallar han skandaløs, og om alderdomen, som ho avskydde, men lærde seg leva med: typisk for henne skreiv ho seg inn i og gjennom problemet, som i romanen ”Tous les hommes sont mortels” – alle menneske er dødelege – og ”La vieillesse” – alderdomen.

Alderdomen vart likevel lys: ”Igjen har jeg fått en stor sjanse,” skriv ho i 1972, etter å ha møtt den 33 år yngre Sylvie Le Bon, lektor i filosofi, som Beauvoir adopterte.


Av Astrid Brekken
Sånn er livet, NRK P2, 11. juni 2001

Reprise 23.juni 03


LENKER
  • Simone Lucie-Ernestine-Marie-Bertrand de Beauvoir  
  • Toril Moi 


  •  
     
    SØK

    boks_topp_transparent.gif
    PORTRETTER
    boks_bunn_transparent.gif
    10 SISTE NYHETER

    Copyright NRK © 2001   -  Telefon: 815 65 900  -   E-post: info@nrk.no   -   03.01.2009 04:17