Avlyste framsyningar grunna streik

Fleire teater-, ballett- og operaframsyningar er avlyst på grunn av streiken blant kulturarbeidarar.

– Det er mykje som tyder på at det blir utsettingar framover. Men vi jobbar for å unngå det, seier kommunikasjonssjef Ida Margreta Halvorsen ved Nationaltheatret til NTB.

Også på Operaen er det avlyste framsyningar.

Strid om pensjon har ført 435 tilsette innan opera teater og orkester er tekne ut i streik.

Streiken starta 3. september, og har vart i nesten to veker.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no