Avgjerd om ny koronavaksine nærmar seg

Koronavaksinen til Novavax kan bli den femte som blir godkjend i Noreg og EU. Det europeiske legemiddelverket (EMA) nærmar seg ei avgjerd.

– Vi kan kanskje avslutte vurderinga før nyttår. Blir han godkjend, vil denne vaksinen gi ei ytterlegare moglegheit til å vaksinere folk i EU og internasjonalt, sa vaksinesjef Marco Cavaleri på pressekonferansen på torsdag.

Novavax' koronavaksine Nuvaxovid er godkjend i Indonesia og Filippinane. Vaksinen blir gitt i to dosar, med eit mellomrom på minst 21 dagar.

(NTB)

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no