Hopp til innhold

Austerrike vil truleg vedta vaksineplikt

Overhuset i den austerrikske nasjonalforsamlinga skal i ettermiddag stemme over eit forslag som forpliktar alle over 18 år til å ta vaksine mot covid-19, meldar NTB.

Forslaget vil truleg bli vedteke i overhuset Bundesrat som representerer Austerrike sine provinsar.

Lova er rekna som den mest vidtgåande i EU. I Hellas og Italia er vaksinering obligatorisk for eldre, men ikkje befolkninga elles.

Nokon få grupper, som gravide kvinner og dei som nyleg har hatt covid, vil få unntak.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no