Åtte tilsynssaker mot psykiater
Det er opna endå ei tilsynssak mot psykiateren som forfattar Hilde Rød-Larsen fyrst varsla om. Det stadfestar Statsforvaltaren i Oslo og Viken til NRK.
Rød-Larsen melde frå om det ho meina var dårleg rolleforståing. Ho var ikkje pasienten hans, men meiner psykiateren utnytta si rolle for å ha sex med henne.
Etter hennar varsel har fleire pasientar tatt kontakt med Statsforvaltaren. Det er no totalt åtte tilsynssaker mot psykiateren. Psykiateren har motsett seg skuldingane.
– Det er det same talet vi har notert, seier psykiateren sin advokat Halvard Helle til NRK.
I februar utvida Statsforvaltaren undersøkinga av psykiateren ved å sjå på utskriving av reseptbelagde legemiddel. Over 800 apotek blei bedne om å sende oversikt over reseptdata, ifylgje dokument NRK har fått innsyn i.
Det er enno ikkje konkludert i nokon av sakene.