Hopp til innhold

Åtte EU-land vil nekta russiske diplomatar å reisa i Europa

Utanriksministerar i åtte forskjellige EU-land vil nekta russiske diplomatar å reisa rundt i europeiske land, skriv Reuters. Det kjem fram i eit brev til EUs utanrikspolitiske sjef Joseph Borell, ifølge nyheitsbyrået.

I brevet står det at dei russiske diplomatane sin moglegheit til å bevega seg heilt fritt i Schengen-området «lettar ondarta aktivitet». Det er ikkje kjent kva for nokre EU-land som har underteikna brevet.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no