Hopp til innhold

Atle Antonsen trekkjer seg frå Kongen befaler

– Atle Antonsen trekkjer seg frå ny sesong av Kongen Befaler, og ein nyinnspelt julespesial av programmet vil ikkje bli sendt som planlagt, seier Hanne McBride, kommunikasjonsdirektør i Discovery.

– Atle har vore open med oss og offentlegheita om at han ynskjer å ta nødvendige rundar med seg sjølv. Vi er einige om at det ikkje er riktig at han samstundes er på jobb for oss, og at jobben med å finna ny programleiar for vårens sesong av Kongen befaler no blir begynt på, skriv Hanne McBride vidare.

Ho seier at Antonsen likevel vil vera å sjå på Discovery sine kanalar framover gjennom roller han har spelt tidlegare.

– Han har spelt roller i tidlegare sende julekalendrar som ligg på Discovery+ og som vil bli sende på TVNorge i desember. Dette er svært populære julekalendrar. Vi meiner desse skal kunne vera ein del av juletradisjonen til sjåarane som ynskjer det, seier ho.

McBride sier at dei på eit generelt grunnlag ikkje er tilhengjarar av å kansellera innhald.

– Det skal vera rom for tilgiving av folk som har gjort feil og bede om unnskulding. Samstudnes er publikums tillit avgjerande for opplevinga av det dei blir serverte, og det er kanskje det viktigaste omsynet vi som kringkastar må ta, seier McBride.

Discoverys lansering av vinter- og vårprogrammet 2022
Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no