NRK Meny

Arabic Bank dømd for terrorstøtte

Ein amerikansk domstol har slått fast at banken Arabic Bank Plc, som har base i Jordan, er skuldig i å ha støtta terror. Juryen fann det bevist at banken har gitt hjelp til Hamas, og at dei dermed må betale erstatning til offera for over 20 angrep organisasjonen har stått bak i Israel og dei palestinske områda. Over 300 amerikanske borgarar, som anten er offer eller slektningar av offer for Hamas-angrep, står bak søksmålet.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 03030 eller 03030@nrk.no