Funn av ny, uventa antibiotikaresistens i bergenskloakken
Forskarar frå Havforskingsinstituttet har nyleg gjort oppdagingane i eit avløypsreinseanlegg i Bergen.
Insitiuttet publiserte ei pressemelding på funnet i morgontimane fredag. Det var BA som omtalte saka først.
Resistensgenet som er oppdaga gjev resistens mot antibiotikumet karbanem. Dette blir kalla eit «siste utveg»-antibiotikum, og blir brukt når vanleg antibiotika ikkje har effekt.
Havforskingsinstituttet skriv i pressemeldinga at tarmbakteriar som er motstandsdyktige mot karbanem er ei av dei største helsetrugslane ein kan kome overfor, nettopp fordi det er ein medisin som brukast når ingen annan medisin fungerer.
Genet blir funne i fleire land i både Søraust-Asia og i Sør Amerika, men funnet i Bergen overraskar.
– Dette har ikkje vore funne i Noreg før, seier HI-forskar Nachiket Marathe.
Vidare i pressemeldinga opplysast det at ein til no ikkje har hatt omfattande resistens-utfordringar i Noreg, men at dette kan endre seg raskt dersom ein ikkje følger med.