Ankar dødsdom i Donetsk
Separatiststyresmaktene i Donetsk dømte to britar og ein marokkanar til døden etter ha kjempa for Ukraina og forsvart stålverket i Azovstal i Mariupol.
No har to av dei anka dødsdomen, melder Reuters som siterer det russiske nyheitsbyrået Tass. Den tredje personen, briten Aiden Aslin, har framleis ikkje levert sin anke.
Domstolen, som er ein del av det separatiststyresmaktene har erklært som Folkerepublikken Donetsk, er berre anerkjent av Russland og Syria.