Hopp til innhold

Ankar forbodet mot hundeavl

Norsk Kennel Klub (NKK) ankar dommen frå Oslo tingrett, skriv dei i ei pressemelding.

Tingretten slo førre veke fast at det er i strid med dyrevelferdslova å drive avl på hunderasane engelsk bulldogg og cavalier king charles spaniel.

– Slik dommen står i dag er det berre dei mest ansvarlege aktørane som er ramma av avlsforbodet dommen frå Oslo tingrett har pålagt, som betyr at uansvarlege aktørar kan avle de to rasane akkurat som før, seier Tom Øystein Martinsen, hovudstyreleiar i NKK.

– Av omsyn til hundevelferda kan vi ikkje la denne avgjerda stå uprøvd for ein høgare rettsinstans, seier han vidare.

NKK seier dommen har blitt grundig vurdert, og at dei ønsker klarleik i kva dommen faktisk betyr.

– Verknaden må vere tydeleg definert. Det er ikkje tilfellet etter denne dommen, seier Martinsen.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no