Ankar dom etter drap i Drøbak
Mannen i 30-åra som vart dømd for drap på sambuaren sin på Heer i Drøbak i fjor, vil anke dommen frå Follo tingrett. Det seier forsvararen til NRK. Retten festa ikkje lit til mannens forklaring om sjølvforsvar. Sonen til kvinna var vitne til drapet.