Hopp til innhold

Angrep mot Guatemalas kongress

Veteran-soldatar frå borgarkrigen i Guatemala gjekk tysdag til åtak på kongressbygnings og sette fyr på fleire bilar.

Soldatane krev å få utbetalt bonusar dei meiner dei har rett på etter å ha tenestegjort i borgarkrigen mellom 1960 og 1996. Fleire av dei var væpna med machetar og TV-bilete viste tilsette som flykta via taket på ei bygning.

Politikaren Carlos Barrede skreiv på Twitter at fleire politikarar var innesperra i bygninga, mens ein annan folkevalt, Luis Fernando Pineda, skreiv at veteranane sette fyr på ei kontorbygning.

Opprørspoliti utenfor nasjonalforsmalingen i Guatemala
Foto: Moises Castillo / AP

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no