Amundsen vil ha væpna politi
Justis- og beredskapsminister Per-Willy Amundsen meiner generell væpning av politiet må til i kampen mot terror. Han viser til dei mange terrorangrepa med bil. Han seier til Dagbladet at han håpar at Stortinget kan gjere vedtak om dette i haust.