Hopp til innhold

Agder politidistrikt vil forsøke å legge til rette for pride-arrangement

Dersom tryggleiken blir varetatt i samarbeid med arrangørar, vil Agder politidistrikt forsøke å legge til rette for at arrangement som er planlagde på førhand blir gjennomførte. Det skriv dei i ei pressemelding.

– Politiet i Agder skal strekke seg langt for at godt planlagde arrangement kan bli gjennomførte. Men det må ligge ei grundig risikovurdering til grunn i kvar enkelt arrangement for at politiet skal tilrå at arrangementa gjennomførast, seier politimeister i Agder politidistrikt, Kjerstin Askholt.

Arrangement som er nært føreståande og som politiet ikkje har vore med på når gjeld planlegging og risikovurdering bør bli utsette, ifølge Askholt.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no