Hopp til innhold

Aftonbladet: Fann over 60 kilo sprengstoff i bil i Stockholm

Ein mann i 20-åra og ei kvinne i 30-åra er varetektsfengsla etter at politiet fann over 60 kilo med sprengstoff i bilen deira i Kungsholmen i Stockholm, ifølge opplysningar gjeve til svenske Aftonbladet.

Den nasjonale bombeberedskapsgruppa undersøkte bilen, medan fleire ambulanseteam stod i beredskap i nærleiken av aksjonen.

Etter arrestasjonen, valte politiet å ransaka heimane deira. Ifølge Aftonbladet, fann dei eit par hundre kilo narkotiske stoff i kvinna si leilegheit.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no