Hopp til innhold

Afghansk politi: 19 drepne i sjølvmordsbombing i Kabul

Ifølge afghansk politi er 19 menneske drepne i ein eksplosjon mot ein utdanningsinstitusjon i Kabul.

– Studentar førebudde seg til ein eksamen medan ein sjølvmordsbombar slo til ved eit utdanningssenter, seier talsmann for politiet Khalid Zadran til AFP.

27 personar er skadde, fortel Zadran. Eksplosjonen fann stad i bydel Dashti Barchi der det bur fleire sjiamuslimar og medlem av minoritetsgruppa Hazara, skriv NTB.

Ingen har så langt tatt på seg skulda for angrepet. Minoritetsgruppa Hazara har tidlegare vore utsett for fleire angrep frå den ytterleggåande islamistgruppa IS.

Taliban-styrker står vakt mens folk samles utenfor et sykehus etter at en selvmordsbombe tok livet av 19 personer.
Foto: STR / AFP

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no