Hopp til innhold

ABE-reformen borte

Avbyråkratiserings- og effektiviseringsreforma, som vart innført av tidlegare statsminister Erna Solberg, er ikkje lenger omtalt i budsjettdokumenta.

Reforma gjekk ut på å krevje at offentleg sektor skulle vise omstillingsevne og -vilje. I budsjetta frå statsminister Solbergs regjeringar medførte den at offentlege verksemder måtte spare inn mellom 0,5 og 0,8 prosent på driftspostane årleg.

I årets budsjettdokument er dette kravet ikkje lenger omtalt. Endringa er i tråd med Hurdalsplattforma frå Støre-regjeringa der dei lovar å fjerne ordninga med ABE-kutt.

– Her skånar ein offentleg sektor, så let ein privat sektor ta ansvar for det stramme i dette budsjettet, seier Høgre-nestleiar Tina Bru.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no