– Naudlanding etter brannalarm-feil
Det polske flyselskapet LOT opplyser at årsaka til at eitt av selskapet sine Dreamliner-fly måtte naudlande i Glasgow i dag, var feil med brannalarmen. Det var korkje eld eller røyk om bord, seier talskvinne Barbara Pijanowska-Kuras.