Hopp til innhold

– Nasjonale tiltak er ikkje svaret

Statsminister Jonas Gahr Støre seier at dei vurderer koronasituasjonen nøye saman med helsemyndigheitene og kjem til å trekkja dei konklusjonane som er naudsynte. Samstundes seier han at nasjonale tiltak ikkje er aktuelt.

– Og så er det verdt å gjenta: Om du er sjuk, må du vera heime. Det er første oppskrifta til å ikkje gå feil. Har du ikkje tatt vaksinen, bør du ta han. Dei over 65 år bør ta tredje dose, seier Støre.

Han seier samstundes det er ein diskusjon om ei lang rekkje andre moglege tiltak.

– Men nasjonale tiltak er i utgangspunktet ikkje svaret i dag, legg han til.

Statsministeren meiner det er meir effektivt å ha lokale tiltak der det kjem smitte og eit samarbeid mellom kommunar, arbeidsplass og utdanningsinstitusjonar.

Han understrekar også at vi er betre beskytta no enn då pandemien kom og vi ikkje hadde vaksinar.

– No er nordmenn veldig godt vaksinerte, men vi har enno ein jobb å gjera med å få opp vaksinedekninga, seier han.

Statsminister Støre holder pressekonferanse
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no