– Nå er det lurt å vaksinere seg

Dei fleste som hamnar på sjukehus med koronasjukdom er uvaksinerte. Det seier helseminister Bent Høie til NRK.

– Eg veit at enkelte ventar med å ta vaksinen. Nå er det lurt å vaksinere seg, raskt, seier Høie, som legg til at mange kommunar har drop-in tilbod.

Fredag er 65 personar innlagt på sjukehus med koronasmitte i Noreg. For ein månad sidan var talet 20.

Høie seier det er lite truleg at sjukehuskapasiteten vil bli overbelasta, og at vi framleis er langt unna smertegrensa for innlagde på sjukehus.

Helseminister Bent Høie.
Foto: Gorm Kallestad / NTB

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no