Hopp til innhold

Blei misbrukt i tidenes plagiatsvindel

Pianisten Joyce Hatto gav ut 120 cd-plater under eige namn, men med innhald stole frå andre. Plagiatskandalen er utgangspunktet for ein av dei mest omtala norske romanane på bokmessa i Frankfurt i haust. Tor Espen Aspaas var ein av pianistane som blei utsett for musikalsk tjuveri av spektakulært omfang.

Tor Espen Aspaas

Tor Espen Aspaas var éin av tre nordmenn som blei plagiert av Joyce Hatto.

Foto: Tevje Akerø

– Eg hugsar det veldig godt. Eg hadde pause i undervisninga eg heldt for elevar ved musikkhøgskulen i Oslo, og sjekka mobilen. Der hadde eg fått ei kryptisk talemelding frå ein avisjournalist, seier pianist Tor Espen Aspaas.

Trudde musikksvindel var aprilsnarr

Joyce Hatto

Joyce Hatto var ein lovande pianist før ho forsvann frå rampelyset på 1970-talet.

Foto: © PUBLICITY PICTURE

Den kryptiske meldinga var at ei av Aspaas sine cd-plater var blitt plagiert og gjeven ut som den britiske pianisten Joyce Hatto sitt verk. Hattos innspeling av den franske komponisten Paul Dukas sine pianostykkke hadde vist seg å vere identisk med den Aspaas hadde kome med på plate tre år tidlegare.

– Då eg skjønte kva det dreidde seg om, måtte eg sjekke datoen. Eg trudde det var første april, seier Aspaas. Saman med Leif Ove Andsnes og Håkon Austbø var han éin av tre norske pianistar som skulle vise seg å ha blitt del av ei av musikkhistorias største svindelsaker.

Denne har forfattar Monica Isakstuen brukt som utgangspunkt for romanen Om igjen, som fekk mykje merksemd på bokmessa i Frankfurt nyleg. Hatto hadde ikkje halde konsert sidan 1976 og var nesten gløymt som pianist, då ho begynte å gje ut nye innspelingar tidleg i det nye hundreåret. Utgjevingane spende over eit breitt repertoar og kom i eit rasande tempo. Kritikkane var delvis svært gode.

Avslørt som den klassiske musikkens Milli Vanilli

Men alt var juks og bedrag. Etter mykje diskusjon på ulike musikkforum på nettet, blei det etter Hattos død i 2006 oppdaga at nesten ingen av innspelingane var hennar eigne. Musikken var stolen av andre, i nokre tilfelle var lydfilene klipte i, eller farten var sett opp.

Nyheita slo ned som ei bombe i den klassiske musikkverda i 2007. Det som har blitt kalla for Hattogate sender tankane i retning Milli Vanilli, den tyske popgruppa som i dag er mest kjende for å ha juksa seg til stjernestatus på åttitalet. Songarane song nemleg ikkje sjølve.

Isakstuen var sjølv ein lovande pianist fram til ho begynte på Barratt-Due musikkinstitutt, og fekk beskjed om at Noreg hadde nok gode utøvarar. Ho seier ho til ein viss grad kan forstå Hatto.

– Eg blei veldig fascinert av dette, for eg syntest ikkje det var noko moro å ikkje vere blant dei beste, eg heller, fortel ho.

Sjå programleiar Hans Olav Brenners intervju med Monica Isakstuen her. Heile andre sending av Brenner og bøkene ser du kl. 20.55 på NRK2 i kveld. Artikkelen held fram under videoen.

Monica Isakstuen har skrive roman med utgangspunkt i plagiatskandalen rundt pianist Joyce Hatto.

Monica Isakstuen fortel Hans Olav Brenner at ho kan forstå kvifor Hatto juksa seg til gode kritikkar.

– Eg følte meg svimmel og desorientert

Aspaas si innspeling var knapt gjort noko med i Hattos utgjeving. Han synest det heile først og fremst er eit utruleg historie med ein tragisk undertone. Etter pausen i undervisninga tilbake i 2007 kjende han seg svimmel og desorientert.

– Undervisninga etterpå blei nok ikkje så bra. Når eg ser tilbake er dette noko av det mest absurde og interessante eg har opplevd. Det ligg jo også eit slags kompliment i at nokon ønskjer å ta heile plata mi og gje henne ut som si eiga, seier Aspaas, som ikkje gjekk vidare med saka juridisk.

Saknar at bransjen tek eigen oppvask

Han meiner saka var minst like avslørande for kritikarstanden som for Hatto sjølv og ektemannen, som i ettertid har sagt at det var han og ikkje kona som stod bak svindelen.

– Det var veldig mykje oppvask blant musikkmeldarane. Mange hadde blamert seg kraftig. Då Hatto kom med Dukas-plate brukte ein kritikar min cd som referanseverk. Ein har altså høyrt to klin like versjonar og landa på at den eine er best, i dette tilfellet Hattos. I ettertid er det sjølvsagt veldig pinleg, seier Aspaas.

Etter hans meining viser dette kor mykje fordommar spelar inn hos dei som lyttar og dømer.

– Bransjen har ikkje teke eit ordentleg oppgjer med seg sjølv. For min del er det litt stas at min cd fekk meir merksemd etter denne skandalen. Men i Hattos innpakking fekk plata eit par veldig fine kritikkar som det hadde vore fint å ha mitt eige namn på, seier pianisten.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no