Hopp til innhold

– Må halde fast ved 1,5-gradersmålet

– Vi er nøydde til å halde 1,5-gradersmålet i live. Det står fast som vårt mål.

Det seier klimautsending for president Joe Biden, John Podesta til NRK.

– Ein kan ikkje undervurdere det som FNs klimapanel skreiv i rapporten sin i 2018, om skilnaden mellom 2 grader og 1,5 grader. Dette handlar blant anna om effekten oppvarminga har på naturen, på korallreva, på levevilkåra våre, på menneskeleg tryggleik. Derfor må vi gjere alt vi kan for å nå målet om at jorda ikkje skal varmast opp meir enn maksimum 1,5 grader samanlikna med perioden 1850-1900, seier Podesta.

John Podesta
Foto: Eivind Molde / NRK

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no