Hopp til innhold

– Spring halvmaraton med MS

–Stadig fleire kan leve som om dei ikkje er sjuke i det heile tatt takka vere medisinar som bremsar sjukdommen, seier nevrolog.

Liv Maren Mæhre Vold
Foto: Privat

For fem år sidan gjorde ein betendelse på synsnerva til Liv Maren Mæhre Vold legane mistenksame. 25 år gammal fekk ho diagnosen MS.

– Eg såg føre meg eit liv med rullestol, kateter, ingenting av det eg har planlagt og tenkt. Det går nedover, herifrå blir det ikkje betre.

Like etter merka ho at sjukdommen vart gradvis verre, mellom anna at synet på det eine auget vart dårlegare. Men nokre tablettar snudde alt.

– Noko småplukk er det. Eg har eit venstrebein som sviktar litt i ny og ne, litt nummenhet. Men det er ikkje noko som plagar meg i kvardagen.

– Medisinane blir betre

Stadig fleire kan leve som henne, og halde sjukdommen i sjakk takka vere moderne bremsemedisinar.

– Medisinane bremsar utviklinga av sjukdommen, og hindrar at den blir verre. Den fjernar ikkje symptom ein allereie har, men ein unngår å få til dømes nye lammelsar, seier nevrolog og professor Trygve Holmøy, som har jobba med MS- pasientar i 20 år.

Trygve Holmøy
Foto: Marit Gjellan / NRK

Han får støtte frå fleire nevrologar på nettsida ms.no, sida til MS-forbundet.

Holmøy seier at medisinane er blitt betre dei siste åra. Det kjem stadig nye medisinar som har betre effekt.

– Då vi starta å bruke bremsemedisinar var det rundt 1 av 3 som fekk behandlinga. No får fleire slike medisinar, og vi prøvar å starte behandlinga tidlegare.

Prioriterer annleis

– Eg tenkte at dersom eg ein dag endar i rullestol, så skal eg ikkje angre på at eg ikkje sprang då eg kunne, seier Vold.

Ho starta med å springe mellom to lyktestolpar. Så gradvis meir. Hundre meter til. Så vart det nokre kilometer. Etter at ho fekk MS har ho tatt tre halvmaraton. Ho jobbar fullt, trenar seks dagar i veka.

– Eg har lært meg å tenke annleis. Eg prioriterer kva eg vil bruke tida mi på og vel vekk det eg ikkje vil bruke tid på.

Fleire typar MS

10 000 personar har Multippel sklerose, MS, i Noreg i dag.

For dei som har det som er kalla progressiv MS, der sjukdommen utviklar seg gradvis og sakte, hjelper ikkje bremsemedisinen.

Dei fleste har den andre typen, med symptom på grunn av betendelse i hjernen og ryggmargen, som kjem og går.

–Rundt 9 av 10 har den frå starten av. Uten behandling vil dei utvikle progressiv MS etter 15-20 år. Det håpar og trur vi blir færre med moderne behandling.
Mykje tyder på at mange kan klare å halde sjukdommen i sjakk.

– Kanskje eg blir dårlegare

– Livet går ikkje åt skogen sjølv om du får ei diagnose, seier Vold.

Er du redd for å bli verre?

– Tanken er jo der, men eg har slutta å vere redd for ting. Eg gjer det eg vil gjer. Kanskje blir eg dårlegare, men då skal eg ha gjort mest mogleg ut av livet før det.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no