– Angrepet var legitimt
Benjamin Netanyahu hevdar i eit intervju med den amerikanske kanalen CBS at landet hadde bevis om at Hamas hadde kontor i mediebygningen Al-Jala i Gaza.
Mediebygningen som i går blei jamna med jorda av eit israelsk luftangrep, husa eit «etterretningskontor for palestinsk terrororganisasjon som planlegg og organiserer terrorangrep mot israelske sivile», sa Netanyahu til CBS.
Han sa difor at angrepet hadde eit «legitimt mål». Han sa vidare at informasjonen om angrepet var delt med amerikanske myndigheiter.