Siste nytt – NRK

Hopp til innhold
  • Palestinsk aktivist kan bli sett fri onsdag

    Den 22 år gamle aktivisten Ahaed Tamimi står på lista over dei palestinske fangar som skal settast fri mot israelske gislar i Gaza onsdag. Det melder fleire israelske medium.

    Tamimi har blitt eit symbol på palestinsk motstandskamp i pro-palestinske krinsar. Ho blei arrestert i byrjinga av november, skulda for urostifting etter krigsutbrotet.

  • Én til sykehus etter utforkjøring

    Sjåføren av semitraileren som fikk sleng og kjørte av Ådalsveien i Ringerike, er fraktet til sykehuset. Det melder Ringerikes Blad.

    Avisen skriver at det er svært glatt på stedet, og at dette trolig er årsak til utforkjøringen.

    Trafikkulykken førte til at veien ble sperret. Klokken 13.21 melder politiet at bilberger er ferdig på stedet og at trafikken går som normalt.

    Politiet oppretter sak.

  • Foreslår når ei folkerøysting skal skje

    – Endringar i kommunestrukturen engasjerer mange. Vi meiner det er viktig å få synspunkta til innbyggjarane for å avgjere om Søgne og Songdalen skal bli delt eller ikkje. Vi føreslår at folkeavrøystingane blir gjennomført i veke 4 og 5 i 2024, seier kommunal- og distriktsminister Erling Sande.

    I forskriftene er det lagt opp til at det skal vere mogleg å røyste i den digitale løysinga frå måndag 22. januar 2024 fram til fredag 2. februar 2024.

    Dette legg til rette for eit vedtak om deling før sommaren 2024 og at ei eventuell deling av Kristiansand kommune vil kunne tre i kraft frå 1. januar 2026, skriv departementet i ei pressemelding.

    Departementet sender i dag ut forslag til forskrifter for gjennomføring av rådgjevande folkerøystingar i tidlegare Søgne og Songdalen kommunar om deling av Kristiansand kommune på høyring.

  • Alvorlig trafikkulykke i Sør-Aurdal

    Det har vært en front-mot-front kollisjon mellom en lastebil og en personbil på E16 sør for Bagn like før kl. 13. Ulykken vurderes som alvorlig.

    Det skal være to personer involvert i ulykken. Ambulanse og brannvesen er kommet til stedet.

    E16 er stengt og det vil bli etablert omkjøringsveg, melder politiet.

  • Finland får kritikk for å stenge grensa mot Russland

    Amnesty International kritiserer Finland etter at dei stengde grensa mot Russland. Dei meiner det er vanskeleg å sjå korleis Finland no oppfyller kravet om retten til å søke asyl.

    Finland stengde grensa mellombels etter at det kom fleire hundre menneske over grensa for å søke asyl. Styresmakter seier grunnen til stenginga er nasjonale tryggleik.

    Dei meiner Russland sender asylsøkarar til Finland med vilje, og har kalla det eit hybridangrep.

  • Kuleba: Ukraina har budd seg godt på vinteren

    Ukrainas utanriksminister Dmytro Kuleba og Noregs utanriksminister Espen Barth Eide møttest for første gong under Natos utanriksministermøte i Brussel onsdag. Der drøfta dei blant anna Vestens støtte til Ukraina og den komande vinteren.

    I fjor var det fleire store straumbrot etter russisk bombing av infrastruktur.

    – Vi har budd oss godt før denne vinteren. Vi har gjort utbetringar på infrastruktur og systema våre. Men Russland har også gjort seg erfaringar og har gjort sine førebuingar. Men vi er budde, seier Kuleba til NRK etter møtet.

    Den vestlege støtta til Ukraina var også eit tema etter at ein del politikarar på ytre høgre har sagt at dei ønsker å trappe ned støtta.

    – Men det store fleirtalet av vestlege leiarar er samde om å halde fram å støtte Ukraina. Det viser kor viktig det er at vi samordnar oss, blant anna gjennom Ukraina-Nato-rådet, seier utanriksminister Espen Barth Eide.

  • Budsjettforhandlingene: – Reell politisk avstand

    Forhandlingene mellom SV og regjeringspartiene Ap og Sp om neste års statsbudsjett fortsatte med et nytt møte på Stortinget klokken 12.30.

    – Det er reell politisk avstand, sa finanspolitisk talsperson Kari Elisabeth Kaski i SV ved inngangen til forhandlingsmøtet.

    Hun sier tonen er god, men hevder regjeringspartiene ennå ikke har vist store nok ambisjoner når det gjelder omfordeling, grønn omstilling og økt kjøpekraft til folk flest.

    Kaski ville ikke svare på når samtalene eventuelt blir løftet til partilederne, men statsminister Jonas Gahr Støre reiser til klimatoppmøtet i Dubai i morgen ettermiddag og kommer ikke tilbake til Norge før søndag.

    Finansdebatten på Stortinget er planlagt førstkommende mandag, og planen er å bli ferdige med forhandlingene i god tid innen det.

    – Men vi holder på til vi er ferdige, sier Kaski.

    Hennes motparter i forhandlingene er Eigil Knutsen fra Ap og Ole André Myhrvold fra Sp.

    Kari Elisabeth Kaski (SV).
    Foto: Mats Rønning / NRK
  • Jordskjelv utanfor vestlandskysten

    Det er registrert eit jordskjelv med styrke 3, 9 utanfor Bremanger onsdag ettermiddag, viser målingar gjort av Norsk Nasjonalt Seismisk Nettverk.

    Seismolog Bettina Goertz-Allmann ved forskingsinstituttet Norsar seier dei har estimert skjelvet til å vera av storleik 4. Ein slik styrke er ifølge Norsar «stort sett merka» og eitt nivå under jordskjelv av typen «sterk».

    Kjernen av skjelvet skal vera 60 km vest for Florø, ifølge Norsar.

    NRK har motteke tips og telefonar frå folk som seier at jordskjelvet kjendest på fleire stader i Vestland og Møre og Romsdal.

  • OECD trur på låg vekst i verdsøkonomien

    Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling (OECD) nedjusterte onsdag prognosen for global vekst i år til 2,9 prosent. I september trudde dei veksten ville bli 3 prosent.

    Dei trur også at den globale veksten vil halde fram å krympe til 2,7 prosent neste år. Det er uendra frå førre prognose, men den lågaste veksten sidan finanskrisa, om ein ser bort frå første året med pandemi.

Nyhetsstrømmen

Nødetater

NRK svarer

Siste nytt fra NRKs nyhetsredaksjon med verdensværet.
Siste nytt fra NRKs nyhetsredaksjon med utenriksmagasin, sport og vær.