99 personar ikkje gjort greie for

99 personar er ikkje gjort greie for etter bygningskollapsen ved Miami Beach, opplyser politiet, ifølge avisa Miami Herald. Tre personar er stadfesta døde, melder ABC News.

Naudetatane i Miami kjempar mot klokka for å prøve å finne overlevande i ruinane. 35 personar er redda ut av bygningsrestane.

Det er framleis uklart kva som forårsaka ulykka og kor mange som var i bygget.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no