Hopp til innhold

90 tekne for ruskøyring med elsparkesykkel

Nye tal frå politiet viser at 90 personar er tekne for å køyre elsparkesykkel med promille etter at dei nye reglane vart innførte 15. juni i år.

Det melder P4-nyheitene.

40 prosent av sakene med ruskøyring er i Oslo. 36 personar har blitt tekne i hovudstaden. Dei aller fleste blir stoppa på kveldstid og i helgene, då det også har vore flest kontrollar.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no