800.000 på flukt frå flaum i India

Over 800.000 personar, blant dei 375.000 barn, er fordrivne som følge av flaum i delstaten Bihar i India.

– Flaumane har ført til enorme øydeleggingar. Heim har blitt øydelagt, toalett har blitt vaska vekk, familiar har mista livsgrunnlaget sitt og kveg har gått tapt, seier Redd Barnas India-sjef Sudashan Suchi.

Tusenvis av familiar leitar etter husly i skular, på elvebredder og under presenningar, ifølge hjelpeorganisasjonen.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no