Hopp til innhold

6 drepne og 12 såra etter åtak i Russland

Ein synagoge og ei kyrkje står framleis i brann, ifølgje russiske myndigheiter.

Sundag kveld angreip uidentifiserte væpna menn ein synagoge og to kyrkjer i den russiske republikken Dagestan.

Angrepet vert karakteriserte som eit terroråtak av påtalemyndigheitene som har sat i gang ein etterforsking.

– I kveld vart det utført væpna angrep på to ortodokse kyrkjer, ein synagoge og ein politikontroll i byane Derbent og Makhachkala, uttala Den nasjonale antiterrorkomiteen til det russisk-kontrollerte nyheitsbyrået RIA.

Som eit resultat av angrepa vart ein prest frå den russiskortodokse kyrkja og fleire politifolk drepne.

Angrepet mot synagogen har resultert i to drepne politimenn skal, ifølgje nyheitsbyrået Reuters. Byen Derbent er heim for eit jødisk samfunn med lang historie i området.

Republikken Dagestan har om lag 3 millionar innbyggjarar, fleirtalet muslimar.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no