570 nye koronatilfelle i Noreg

Det siste døgnet er det registrert 570 nye koronasmitta i Noreg. Det er 119 færre enn onsdag, men 19 fleire enn same dag i førre veke. Dei siste sju dagane er det registrert til saman 3453 nye smittetilfelle.

111 koronapasientar var torsdag innlagde på sjukehus. Det er seks fleire enn dagen før. Til saman er 632 koronasmitta personar døde i Noreg sidan mars 2020.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no