56 personar drepne i Nigeria

34 personar vart drepne og fleire skadd da væpna menn angreip ein landsby i delstaten Kaduna nordvest i Nigeria, ifylgje lokale myndigheiter.

– Uidentifiserte, væpna menn angrep Madamai-landsbyen i Kaura. 34 innbyggjarar er bekrefta omkomne. Sju andre er skadd, seier talsperson Samuel Aruwan for myndigheitene i ei fråsegn.

Reuters skriv klokka 18.10 at 22 sikkerheitstilsette vart drepne av bandittar i delstaten Sokoto, også nordvest i landet. Hendinga skal ha skjedd på ei militærbase.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no