Hopp til innhold

55 drepne i russisk angrep mot Poltava i Ukraina

Talet på drepne etter det russiske rakettangrepet mot byen Poltava i Ukraina har stige til 55, seier ukrainske styresmakter.

Over 300 er skadde.

Angrepet ramma ein militær skule for sambandssoldatar, og er blant dei dødelegaste enkeltangrepa etter at Russland invaderte Ukraina for to og eit halvt år sidan.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no