48 millionar kroner til 1.000 nye studieplassar
Regjeringa gjev 48 millionar kroner ekstra til å opprette 1.000 nye studieplassar ved universitet og høgskular. Dei ønskjer å tilby flyktningar frå Ukraina å ta høgare utdanning i Noreg. – Samtidig ønsker vi ikkje at nålauget for å kome inn på studiar for norske søkarar blir mindre. Derfor aukar vi utdanningskapasiteten ved universiteta og høgskulane med 1 000 plassar, seier forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe.