Hopp til innhold

4 av 14 trebruer bestod inspeksjon etter brukollaps

Etter brukollapsen på Tretten 15. august stengde Statens vegvesen 14 tilsvarande bruer i tre. Berre fire av desse bestod inspeksjonen, skriv Teknisk Ukeblad.

Ein kombinasjon av prosjekteringsfeil og monteringsfeil har ført til at seks av bruene er heilt stengt medan ein ventar på utbetring. Fire av bruene er opna igjen med avgrensa bereevne.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no