39 fanga i gruve i Canada

I Canada er 39 gruvearbeidarar fanga i ei gruve i Ontario, melder CTV News. Arbeidarane gjekk inn i gruva kl. 7 sundag lokal tid. Fem timar seinare vart sjakta skada. Det er førebels ikkje meldt om noko skade bland dei som er fanga. Dei har fått mat og medisin ned til seg.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no