Hopp til innhold

345 nødanrop registrert sidan nyttår ved Kviterussland si grense til Polen

Sidan nyttår har ein hjelpeorganisasjon for migrantar ved grensa mellom Kviterussland og Polen registrert 345 nødanrop om hjelp.

Dei innringande har spurt om både humanitær, medisinsk eller juridisk hjelp, fortel Monika Matus i hjelpeorganisasjonen.

Organisasjonen seier det framleis er mange menneske på den andre sida av grensa som ventar på ei moglegheit for å krysse inn i Polen og EU.

Matus seier at dei som no greier å kome seg over, er i mykje dårlegare fysisk forfatning enn i haust på grunn av vinterværet og vanskane med å krysse den strengt bevokta polske grensa.

I månadsvis har fleire tusen av migrantar forsøkt å krysse grensa frå Kviterussland til Polen eller dei baltiske landa. EU skuldar den kviterussiske presidenten Aleksandr Lukasjenko for å ha provosert fram situasjonen.

Ifølge polsk grensepoliti har 810 menneske prøvd å krysse grensa ulovleg i år, mot 40.000 i heile fjor. (NTB)

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no