Hopp til innhold

31 soldatar sakna i Thailand

31 soldatar i den thailandske marinen er sakna etter at eit marinefartøy sokk, skriv nyheitsbyrået AFP.

The Economic Times skriv at skip og helikopter jobbar med å redda soldatane frå vatnet.

Fartøyet fekk problem grunna kraftig uvêr utanfor Thailandbukta, omtrent 20 nautiske mil frå Bang Saphan.

Det er så langt ikkje meldt om omkomne, men 11 personar blir behandla på sjukehus.

Marinefartøy i Thailand
Foto: HANDOUT / AFP

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no