30 prosent drapsauke i USA

Talet på drap i USA auka med 30 prosent i 2020, samanlikna med 2019, ifylgje FBI. Til saman vart rundt 21.500 personar drepne i fjor. Det er den største årlege aukinga sidan FBI starta å samle inn data på 60-talet. Samstundes er drapstala lågare enn dei var på 80-talet.

Sjølv om 2021 ikkje er over enno, tyder statistikken på at det ikkje blir lågare drapstal i år.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no