25. juni-høyring: Politidirektøren seier det var riktig å avlyse solidaritetsmarkering
Politiet, E-tenesta og PST møter i dag kontroll- og konstitusjonskomiteen om 25. juni-rapporten.
Politidirektør Benedicte Bjørnland seier at det var riktig å anbefale å avlyse solidaritetsmarkeringa 27. juni.
– Det var viktig å få fram at vi sat på veldig farleg informasjon og vi anbefalte ei utsetting, ikkje ei avlysing. Her hadde vi ikkje kontroll, og folk må ta ei informert avgjerd om eigen tryggleik, seier Bjørnland.
Oslo pride reagerer på at Bjørnland held fast på at å avlyse solidaritetsmarkeringa var ei anbefaling.
– Dette er berre tøv. Det viser at politidirektøren ikkje har tatt til seg noko av tilbakemeldinga frå Oslo pride. Når politistyresmaktene kjem med ei anbefaling om å avlyse, utan at arrangøren sit på noko av grunnlaget for avgjersla, så er ordet ugyldig, seier Dan Bjørke, leiar i Oslo pride.
Bjørnland fekk spørsmål frå Peter Frølich (H) om anbefalinga var ein instruks.
– Eg vil seie det var ein instruks, svarer Bjørnland.