24 drepne i landsbyangrep i Sør-Sudan
Minst 24 menneske blei drepne då to bandar med kvegtjuvar angreip to landsbyar i Sør-Sudan måndag, ifølge lokale myndigheiter. Det melder NTB.
Tjuvane angreip først landsbyen Walgak i delstaten Jonglei, opplyser leiren av landsbyen, Gatluak Lam, til nyheitsbyrået DPA.
– Dei drap ti sivile og tre politimenn og stal rundt 300 storfe. Fem sivile blei i tillegg skotne, seier Lam.