23 personar drepne i Afghanistan

Minst 23 personar er drepne i Afghanistan, trass i at partane i konflikten hadde kunngjort våpenkvile.

Det opplyser tenestemenn i landet. Sidan torsdag er nesten 40 såra i valdshendingar. Dei fleste har mista livet som følgje av bombeeksplosjonar.

Taliban kunngjorde ein tre dagar lang våpenkvile frå torsdag i samband med høgtida id al-fitr. Regjeringa følgde opp med tilsvarande erklæring.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no