Hopp til innhold

200.000 er bedt om å evakuera på grunn av uvêr i Japan

Rundt 200.000 innbyggjarar er bedt om å evakuera området nord i Japan som er ramma av kraftig regnvêr.

Det gjeld dei fem regionane Niigata, Yamagata, Fukushima, Ishikawa og Fukui.

Så langt er to personar meldt sakna, opplyser ein talsperson frå regjeringa.

Uvêret har ført til at ei rekke bustader har blitt oversumt. Bruer har rast saman og elver har gått over sine bredder.

Styresmaktene har åtvara om økt risiko for jordskred og flaum.

Forskarar seier klimaendringane aukar risikoen for kraftig nedbør i Japan og andre deler av verda, då ein varmare atmosfære fører med seg meir vatn.

uvær Japan
Foto: TWITTER @XIMAVERSE / Reuters

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no