Hopp til innhold

200 millionar til oppløysingar

Regjeringa skriv i statsbudsjettet at kostnadane til deling av fylke og kommunar også kjem til å påverke statsbudsjett etter 2023-budsjettet.

I budsjettet for 2023 har regjeringa sett av 200 millionar til dei vedtekne oppløysingane, men løyvingar i seinare statsbudsjett vil bli vurderte, står det.

Viken skal bli til Akershus, Buskerud og Østfold frå 1. januar 2024, mens dei samanslåtte fylka Vestfold/Telemark og Troms/Finnmark blir delte i to. I tillegg skal gamle Haram kommune gå ut av nye Ålesund kommune.

Departementet stadfestar, som kommunalminister Sigbjørn Gjelsvik tidlegare har stadfesta gjennom NRK, at direkte delingskostnader blir dekte av staten, men at dette berre gjeld absolutt nødvendige utgifter.

Berre Viken fylkeskommune har berekna oppløysingskostnaden til 385 millionar kroner. Fylka er med andre ord avhengige av pengar i seinare statsbudsjett for at regjeringa sin lovnad skal bli oppfylt.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no