Hopp til innhold

19-åring tiltalt for drapsforsøk

Ein 19 år gammal mann er tiltalt for drapsforsøk etter å ha skote ein annan mann i overkroppen i Oslo i februar, skriv Avisa Oslo.

Tiltalte nektar straffskuld, opplyser advokaten hans, Øyvind Bratlien.

Mannen er i tillegg tiltalt for å ha hatt eit ladd skytevåpen han hadde skaffa seg på ulovleg vis på offentleg stad. Det er foreløpig ikkje avgjort når rettssaka skal vere.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no