17 omkom i brann i Russland

17 menneske mista livet da det begynte å brenne i ein fabrikk som lagar sprengstoff i den russiske byen Lesnoij i Rjazan-regionen, knappe 30 mil søraust for Moskva.

Ulukka skjedde ifølgje lokale medium då dei tilsette skulle slå på maskinane på starten av morgonskiftet. Fabrikken lagar eksplosiv både for sivile og militære føremål, ifølgje nettsida til selskapet.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no