160.000 demonstrerar i Frankrike

Situasjonen er amper i Frankrike, der store politistyrkar er plassert ut i fleire byar etter at over 160.000 demonstrantar har tatt til gatene for å protestere mot koronatiltak og vaksinen, skriv Le Figaro. Fleire er arresterte. Ifølge innanriksdepartementet skal det ha vore 161.000 demonstrantar i Frankrike i dag. 11.000 av dei var i Paris.

Politiet har brukt tåregass mot demonstrantane, som protesterer på grunn av eit lovforslag om koronapass og obligatorisk vaksinering for helsearbeidarar. Fleire delar av byen er stengt av for publikum, mellom anna gata Champs-Élysées. Sjå demonstrasjonen her.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no