159 personar ikkje gjort greie for

Totalt fire personar er no stadfesta omkomne etter kollapsen av ei bustadblokk i Miami i går.

Ordførar i Miami-Dade County, Danielle Levine Cava, opplyser at talet sakna har steget frå 99 til 159. 120 personar er gjort greie for.

Vêret har vore dårleg under leitinga, med mellom anna lyn og tore, melder WPLG Lokal 10. I tillegg har det starta å brenne fleire stadar i rasmassane.

Leitearbeidet held framleis på for fullt. Elleve personar er skada, fire av dei får behandling på sjukehus.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no